Korona - Hygieneprosedyre for Bergen Legevakt v. 1.0

1.   Hensikt

Formålet med prosedyrenb er å forhindre smitte av koronavirus til pasienter og ansatte.

2.   Omfang  

Prosedyren gjelder for tilsette ved Bergen Legevakt

3.   Ansvar og myndighet

Prosedyren er revidert 09.04 2020, av avdelingsleder Marta H. Mjeldheim 

 

4.   Beskrivelse av aktiviteter

 

Uniformshygiene:

  • Alt privat tøy under arbeidsuniform skal vera dekka av uniforma.
  • Du skal ha berr hud frå allbogen og ned på handa.
  • Klokker, ringar og neglelakk skal takast av.
  • Alt du har utanpå uniforma, som nøkkkelkort, pennar, telefon, id kort og skilt m.m skal spritest to gonger på vakta.
  • Sjukepleiar og lege som arbeider i triage og luftsmittedel skal på heile vakta vere kledd i godkjent smittebekledning. Sjå eige oppslag.

 

Smittebekledning:

  • Påkledning skal skje på reint påkledningsrom st.8. (Munnbind, tettsitjande briller/visir, smittefrakk med lang arm og Nitrilhanskal med langt skaft. Evt. operasjonshette)
  • Sjukepleiar og lege som er iført smittebekledning må ta av smittebekledning før ein forflyttar seg frå smittesone til rein sone . Avkledning skal skje etter eigen prosedyre. (sjå oppslag og film)
  • Pasientar med mistenkt luftsmitte, skal triagerast, registrerast i Profdoc Vision og hentast inn frå eige venteromsareal.
  • Pasientane skal behandlast på rom1-6. og visast ut frå avdeling gjennom same smittekanal som dei har kome inn. Sjukepleiar og lege byter hanskar mellom kvar pasient og utfører handhygiene før og etter at nye hanskar vert tekne på. Hugs at huda skal vere tørr før den er rein!
  • Hanskar skal aldri spritast!

 

Politi og ambulansepersonell:

  • Politi og ambulansepersonell har av hygienegrunnar ikkje adgang til vaktrom Allmenlegevakten.
  • Når utrykkingspersonell transporterar smitta pasient, skal alt smitteutstyr takast av i ambulanse før personell kjem inn på legevakten.

 

Avfallshandtering:

  • På urein sone skal alt avfall frå smitteutstyr rett i gul sekk.
  • Når sekken (iboksen) er full, skal sekken brettast saman og forseglast med lok.
  • Ved kvart vaktskifte skal avtroppande vakt bera avfallsboksar inn på fjernlager. (Sjå avfallshandtering også i video om av/påkledning og prøvetaking)

 

Pasientrom og utstyr til pasientbehandling:

  • Sjukepleiar skal utføra desinfeksjon etter smittepasient. Sjukepleiar vaskar alle glatte flater med desinfeksjonssprit (utan glyserol). Dette er tilstrekkeleg for å fjerna smitte av Korona virus, dersom pasienten ikkje har sølt kroppsvæsker.
  • Når du reingjer overflater med desinfeksjonssprit, bør du bruka reine kompressar som du fuktar med sprit. unngå å bruka cellestoff, av di dette papiret er svært porøst og trekkjer derfor svært mykje sprit. Det «smuldrar» også opp under reingjering, og små bitar vert liggjande att.

Handdesinfeksjon inneheld glyserol som gjer at huda beheld naturleg fuktigheit og du unngår at huda blir tørr og sprikk opp. Handsprit skal også brukast på skaitrekk på benkane, for at desse ikkje skal sprikka opp.

På blanke flater bør ein bruka overflatesprit. Dersom du brukar handdesinfeksjon på blanke flater, vil dei bli reine, men skjoldete.

  • Ved søl av kroppsvæsker skal Smittestoffet tørkast opp med papir og leggjast i gul pose. Deretter legg du på Virkon. (Gjeldande råd frå FHI) Når Virkon har verka ferdig, kan assistentar vaska som vanleg.
  • Alt utstyr skal desinfiserast med overflatedesinfeksjon mellom kvar pasient.
  • All pasientdata skal registrerast elektronisk. Det skal ikkje brukast papir i smittearealet.
  • På alle arbeidsstasjonar skal det overflatedesinfiserast når ein forlet arbeidsstasjonen og før ein kollega overtek arbeidsplassen.

 

Reingjering av elektronisk utstyr som telefonar/tastatur o.a.:

  • Elektronisk utstyr tåler ikkje at det blir spruta sprit/fukt rett på utstyret. Dette utstyret skal reingjerast ved å fukta ein kompress med overflatesprit og tørkar over flatene.

 

Matpausar og samling på vaktrom:

  • Ved matpausar skal ein halda 1-2 m avtand til andre. Ein bør nytta spiserom 2. etg eller undervisningsrom 2.etg.
  • På stue 10 skal det aldri samlast fleire enn 2 personar på same tid.
  • Hald nødvendig avstand til dei andre også på vaktrommet.

 

Dagleg reinhald assistentar:

  • Assistentar gjennomfører dagleg reinhald på smitterom iført smittefrakk, hanskar og munnbind.
  • Det skal brukast eiga vasketralle i smitteavdelinga. Tralla skal reingjerast med klorvatn dagleg.
  • Ved all reingjering i denne avdelinga og på toalett skal det brukast eingangsklutar.
  • Reinhaldarar har ansvar for å tørke over flater på behandlingsrom og fellesrom i avdelinga med desinfeksjonssprit.
  • Likeeins dørar og dørhandtak definert i eigen prosedyre.

 

5.   Tillegg

Vedlegg
Referanser